
Lokalmat i Coop Nordvest
Vi tek vare på den lokale smaken
Dei beste råvarer
Lokal, nærreist mat og drikke, råvarer av aller ypparste kvalitet får sin vel fortente heider og plass i Coop Nordvest's matkultur. Mat som har kort veg frå jord til bord er i tillegg ein del av vår lokale identitet og tradisjon. Smakar henta frå havet, fjorden, jorda, elva, skogen og fjellet, gjerne slik forfedrane våre dyrka dei fram og foredla av utruleg dyktige produsentar som set æra si i å levera topp produkt.
Gjennom mange år har vi i Coop Nordvest utvikla eit fantastisk samarbeid med mange lokale produsentar av mat og drikke. Stadig fleire har fått ein fast marknadsplass i hyllene våre, til glede for både dei og alle våre kjære kundar. Vi har også vore med og utvikla samarbeid mellom produsentane for at dei skal kunne drive meir effektivt, og våre tilsette med ansvar for lokalmat har fått høve til å lære meir om produkta til mange av dei. Slik kan dei formidle det vidare til deg som kunde.
Hundrevis av arbeidsplassar
For Coop Nordvest er dette heilt i tråd med vårt verdikompass og det samfunnsansvaret vi ønskjer å ta. Ja, lokalmaten har også vorte ein del av vår eigenart og identitet. Gjennom samarbeidet med ca. 150 aktive produsentar er vi også med på å legge grunnlaget for hundrevis av viktige arbeidsplassar ute i bygdene. I tillegg er vi med og tek vare på dei lokale smakane. Det er noko vi er stolte av, rett og slett.
For å bli godkjent som leverandør av lokalmat stiller Coop høge krav og kriterium
- Alle leverandørar må registrera firma på lokalmat.no
- Dei må utføra internrevisjon. Internrevisjon vil brukast i vidare arbeid med kvalitet og trygg mat i Coop, og denne blir oppdatert ein gong i året
- Dei må også venta ein «Ekstern revisjon» – Felles standard for revisjon utarbeidde i samarbeid mellom daglegvarekjedene, *Horeca –Bransjen og Matmerk
- Alle produkt må vera registeret i EPD-basen. EPD-basen er informasjonskjelda i daglegvarebransjen til rett produktinformasjon
- Mikrobryggjeria må i tillegg melda seg inn i Bryggeri- og Drikkevareforeningen (BROD)
- Leverandørar/produkt blir godkjende til slutt av Sortimentssjef Lokal-regional mat i samråd med Regionalt sortimentsråd
- Det må skrivast avtale med alle som leverer lokale varer til Coop