Ny butikk på Lauvstad
Torsdag 6. februarLauvstad i Volda fekk ein skinande fin Prix - Ein stor og glad dag for butikken og bygda

- Dette var kjekt, sa vesle Willy, son til butikksjef Jana Allicke. Han fekk æra av å klippe snora då Lauvstad i Volda fekk erstatta sin slitne Marked-butikk med ein skinande fin Prix torsdag 6. februar. Det har vore stort engasjement i bygda kring butikken, så det var noko symbolsk i at unge krefter, framtida, fekk stå for opninga. Folk strøymde til, og det var mange glade ansikt å sjå. Ingen tvil om at dei likte det sei såg, og at den «nye» butikken styrkar framtidstrua i bygda.
- Ein stor og glad dag for bygda og butikken. Dette er ikkje berre ein butikk, men også ein viktig møteplass, slår butikksjef Jana Allicke fast. Ho rosar sine tilsette, alle i bygda for engasjementet og Coop Nordvest som har gjort det mogeleg å realisere ein moderne butikk.
Fantastisk støtte til butikken frå bygdefolk
- Vi har hatt eit kjempebra samarbeid som har gjort det mogeleg å realisere ein moderne butikk på Lauvstad, seier Erling Ulvestad i bygdeselskapet, eigedomsdirektør Lars Ove Valaas-Breivik og Coop-veteran Jostein Velsvik.
- Vi er kjempefornøgde med samarbeidet vi har hatt med Coop Nordvest, og den løysinga vi i fellesskap har funne fram til. Måten bygdefolk har støtta prosjektet på er fantastisk, seier Erling Ulvestad, styreleiar for bygdeselskapet som no leiger ut lokale til ny-opna Coop Prix Lauvstad.
Ein skal sanneleg leite lenge for å finne maken til engasjement for butikken sin som dei har vist på vestsida av Dalsfjorden i Volda. Her har 154 aksjonærar, både private og firma, skote inn 1,3 mill. kroner i Vestsida Brygge AS. Innskota er frå tusen til 50 tusen kroner.
Bygdeselskapet har kjøpt bygget som husar Coop Prix Lauvstad, så leiger Coop lokala tilbake frå dei.
Det er fleire år sidan Coop-veteranen Jostein Velsvik, som har vore styrar i heimbygda Lauvstad, Hareid og Nordfjordeid, tenkte at det ikkje var nok berre å flikke på gamlebutikken, men at den burde gå frå Marked til Prix.
- Dette vart ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, slår eigedomsdirektør Lars Ove Valaas-Breivik i Coop NV fast: Bygdeselskapet får inntekter frå butikken og leilegheiter i bygget som gjer at dei greier seg. Vi får ein leigepris som butikken toler for å vere berekraftig og kunne investere det som er nødvendig. Når vi ser på det engasjementet folk i bygda viser og eigarskapen dei no har til butikken, er eg ikkje i tvil om at dette blir ein suksess.
- Eg syns vi har fått ein kjempebra, døgnopen butikk, som blir brukt mykje og framleis kan vere eit samlingspunkt i bygda, smiler Erling Ulvestad.
Foto: Bjørn Grov