Et løft for Extra Øvre Årdal
13. mars 2025
I dag møter kundane ein oppgradert og modernisert butikk med «new look».
Det er med butikkar som med folk; sjølv om vi kan fungere godt, treng vi å «shine» oss opp litt av og til om vi har lyst å bli litt meir attraktive. Det er nettopp det som har skjedd med Extra-butikken inst i Sognefjorden dei siste par vekene. Butikken har vore godt driven, men trengde ei oppdatering.
- Det er ikkje nokon revolusjon det vi har gjort, men det er eit stort løft for Extra Øvre Årdal. Kundane møter i dag ein butikk i ny drakt, ei oppgradering i tråd med Extra-konseptet, fortel prosjektsjef Grete Nordberg Hatlehol i eigedomsavdelinga. Det har vore ein stor jobb med tanke på at alle delar av butikken er involvert i prosjektet. Alle varer er flytta på, for å seie det slik.
Dei fysiske endringane går på at ein har snudd handlerunda, der det no er inngang var det utgang før. Eit stort postrom midt i butikken er flytta, og panterommet har fått plass i gangen i staden for inne i butikken. Det har kome nye baldakinar eller profilskilt, nytt brød- og fruktkonsept, alt i tråd med Extra-konseptet. Nye ledlys kastar også nytt lys over den oppgraderte butikken. Planlegginga har føregått i eit halvt års tid, men jobben har vore gjort med intensiv innsats dei siste par vekene.
- All honnør til gjengen som har stått for jobben. I sum vil denne oppdateringa gje kundane ei betre oppleving, slår prosjektsjef Grete Norberg Hatlehol fast.